« Påske i Zambia | Main

1. innlegg i bloggen!

Velkommen til det fyrste innlegget her på KapptilKapp.no!

For tida er vi i Zambia på feltarbeid. Eg ser på dei økonomiske aspektane ved Mosi-oa-Tunya nasjonalpark, mens Øyvind tek ein titt på lokal deltaking i utviklingsprosjekt. På grunn av at vi bur ute i nasjonalparken har det ikkje vorte så mye trening i det siste. Ein veit aldri kva slags dyr ein kan møte på, og då er det ikkje så lurt å jogge eller sykle (ikkje har vi syklar her heller). Men så blir det om så meir trening når vi kjem tilbake til Noreg i slutten av april!

I tillegg til å utføre feltarbeidet så går vi også tur med løver kvar einaste dag. Frå tida Andreas jobba i Zimbabwe har han eit par venner som no driv eit prosjekt i Zambia. For å lesa meir om prosjektet kan du ta ein titt på nettsida til ALERT (African Lion and Environmental Research Trust).

I går tok vi ein titt på Victoria Falls. Det er berre eit kvarters kjøring frå der vi held til, ikkje lange strekningen altså. Eg hadde alt sett dei frå Zimbabwe-sida i 2006, men å stå rett ved fossefallet i Zambia var ei flott oppleving! Vi gjekk også over Victoria Falls Bridge, såg på bungie-jumping og tok ein halvtimes snartur innom Zimbabwe.

PrintView Printer Friendly Version

EmailEmail Article to Friend

Reader Comments

There are no comments for this journal entry. To create a new comment, use the form below.

PostPost a New Comment

Enter your information below to add a new comment.

My response is on my own website »
Author Email (optional):
Author URL (optional):
Post:
 
Some HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <code> <em> <i> <strike> <strong>