Entries in Victoria Falls (3)
Flate veier i Botswana
tirsdag, juli 20, 2010 at 11:51 Det har gått raskt sørover i det siste. Trykk på bildet for å lese hele innlegget!
Livet i Livingstone
mandag, juli 12, 2010 at 19:45 Løver, rafting, Victoria Falls og mer! Trykk på bildet for å lese hele innlegget!
KapptilKapp |
8 Kommentarer |
Livingstone,
Løver,
Mosi-oa-Tunya,
Rafting,
Sykkel,
Sykkeltur,
Sykle,
Sykling,
Victoria Falls,
Zambia,
Zimbabwe Lagt i kategorien
Zambia 1. innlegg i bloggen!
fredag, april 10, 2009 at 17:50 Velkommen til det fyrste innlegget her på KapptilKapp.no!
For tida er vi i Zambia på feltarbeid. Eg ser på dei økonomiske aspektane ved Mosi-oa-Tunya nasjonalpark, mens Øyvind tek ein titt på lokal deltaking i utviklingsprosjekt. På grunn av at vi bur ute i nasjonalparken har det ikkje vorte så mye trening i det siste. Ein veit aldri kva slags dyr ein kan møte på, og då er det ikkje så lurt å jogge eller sykle (ikkje har vi syklar her heller). Men så blir det om så meir trening når vi kjem tilbake til Noreg i slutten av april!
I tillegg til å utføre feltarbeidet så går vi også tur med løver kvar einaste dag. Frå tida Andreas jobba i Zimbabwe har han eit par venner som no driv eit prosjekt i Zambia. For å lesa meir om prosjektet kan du ta ein titt på nettsida til ALERT (African Lion and Environmental Research Trust).
I går tok vi ein titt på Victoria Falls. Det er berre eit kvarters kjøring frå der vi held til, ikkje lange strekningen altså. Eg hadde alt sett dei frå Zimbabwe-sida i 2006, men å stå rett ved fossefallet i Zambia var ei flott oppleving! Vi gjekk også over Victoria Falls Bridge, såg på bungie-jumping og tok ein halvtimes snartur innom Zimbabwe.



KapptilKapp |
Legg inn kommentar |
ALERT,
Feltarbeid,
Løve,
Løver,
Mosi-oa-Tunya,
Victoria Falls,
Zambia,
Zimbabwe 





