Entries in Vekttap (1)

På tide med litt mat

Etter å ha tilbrakt fem veker på feltarbeid i Zambia har Øyvind gått ned 7 kilo. Eg greidde å halde meg på ca. same vekt, men med 69 kilo fordelt på 188 (?) cm må nok også eg skjerpe meg. Korleis vi skal gå nok opp i vekt til å klare oss gjennom sykkelturen veit vi ikkje heilt, men no er i alle fall eit lass med proteinpulver i hus. Forhåpentlegvis vil dette ha den ynskja effekten, men vi tek gjerne imot tips til mat med mykje karbohydrat og/eller feitt (helst litt sunn, skal alt tross alt vere i form til å sykle ganske langt). Eg var ein tur på KIWI for å sjå etter selfeitt, men det var dessverre utseld i dag.

Ellers er hardtreninga no offisiellt i gang, og vi skal nok klokke opp ein del timar på treningsstudio og sykkelsetet framover.

Andreas poserar stolt framfor det nyinnkjøpte proteinpulveret og tre esker proteinsjokolade.