Entries in Beitostølen (1)

Fyrste langtur

På torsdag skulle vi ut på årets fyrste langtur. Etter å ha sykla på spinningsykkel heile vinteren og våren gleda vi oss til å kome ut. Øyvind hadde eksamen dagen etter, så han måtte halde seg på lesesalen. Det blei derfor eg og kameraten Jørn som satte oss på bussen mot Beitostølen onsdag kveld. Å få med ein sykkel på bussen kosta 165 kroner, noke vi ikkje var særleg fornøgde med. Men, men, nordover skulle vi.

Avreise var planlagt klokka 7, og vi kom oss avgarde ikkje altfor lenge etter skjema. På grunn "kommunikasjonsproblem" hadde ingen av oss hjelm, så vi endte opp med skateboardhjelmar. Jørn sin hjelm hadde i tillegg påskrifta "Horn Dog", så vi såg nok særdeles proffe ut.

Fyrste stopp var Fagernes, ca. 20 kilometer frå start. Der blei vi intervjua av Ingvar frå Oppland Arbeiderblad. Etter det gjekk ferda vidare gjennom Leira, Aurdal og så mot Dokka. Her måtte vi over Tonsåsen, og det blei ein ganske så lang oppoverbakke. Det var temmeleg kjøleg og litt regn i lufa, men vi var ikkje akkurat kalde der vi trakka oppover. Etter ei stund tok vi tok oss ei velfortjent pause og Jørn fekk endeleg testa den nye Litago med mokkasmak. Han hadde i mange veker klaga over at ingen butikkar hadde den på lager, sjølv om det hadde vore reklamert i lang tid. Då vi derfor fann den i butikken på Fagernes var det til Jørns store glede. Og smaken var absolutt godkjent!

Jørn er fornøgd med Litago med mokkasmak.Andreas tek ein pust i bakken.

Då vi var kome opp på Tonsåsen kom det ei ordentleg regnskur, og heldigvis var det ein kafe vi kunne søke tilflukt i. To kakao var ikkje dumt etter å ha blitt både våt og kald. Nedover frå Tonsåsen mot Dokka var det ein lang nedoverbakke og vi kunne kvile beina litt. Toppfarten blei 55 km/t, syklane ville dessverre ikkje rulle raskare. Med regn og kald motvind var det kanskje like greit at farten ikkje blei større. På Dokka tok vi ei pause og slengte i oss ein pizza (ikkje akkurat perfekt mat ute på sykkeltur, men, men). Vi fortsette så sørover, og det var både sol og regn som venta oss. Etter 103 km fekk Jørn nok pga. ein strekk han hadde pådratt seg i høgre kne, og måtte ta bussen tilbake til Oslo. Han sykla imidlertid 50 km på søndag, så det ser ut til at kneet er i topp stand igjen.

Jørns favoritthobby.

Eg fortsette vidare og ga meg då eg hadde nådd 154 km. Planen var å sykle rundt 200 km, men det var kanskje like greit å ikkje presse seg altfor mykje. Beina skal tross alt halde ganske langt framover. Alt i alt ein ålreit treningstur, og vi satsar på at det blir mange fleire i sommar!

Litt sol blei det heldigvis.

PS: Hugs innsamlingsaksjonen vi har for UNICEF-prosjektet Schools for Africa. Trykk her for å bidra!